Heim

Din lokale byggmeister i Bykle og Valle

HYTTER OG HUS PÅ HOVDEN, I BYKLE OG I VALLE

Bykle Bygg AS

Me har lange tradisjonar i Setesdal, og leverer det meste av byggjetenester enten det er snakk om nybygg eller oppussing og reparasjonar. Me byggjer hytter, hus og næringsbygg. Dei fleste jobbane våre er på Hovden, men me har og oppdrag i Brokke og elles i Bykle og Valle.


I tillegg til tømrararbeid kan me stå for våtrom, mindre blikkenslagerarbeid, taktekking, mur og pipe.


Me kan stå for heile prosessen frå søknad til ferdig bygg. Me har godt samarbeid med andre lokale handverkarar, og kan innhente tilbod og koordinere heile prosessen.


Vel du oss veit du at du får lokale handverkarar som kjenner utfordringane det kan vere å byggje på fjellet.


Om du lurer på noko er det berre å ta kontakt!

Litt om oss

Bykle Bygg AS er eigd og drive av byklarane Ola Birger Trydal og Helge Hoslemo. Ola Birger starta opp saman med Birger Norlien Trydal i 1989. Helge Hoslemo har jobba i Bykle Bygg sidan 90-talet, og kom inn som medeigar i 2019.


Bykle Bygg AS er meisterbedrift og godkjend for ansvarsrett. Me har i tillegg godkjenningar som trengs for arbeid med våtrom og mur.


Med oss på laget har me tømrar John Are Brekke Hegstad. Me er alle innstilt på å gjere ein best mogleg jobb, slik at me saman med kunde kjem fram til best mogleg resultat.


Etter å ha jobba mange år øvst i Setesdal kjenner me godt til utfordringar som ver og klima kan gi. Me veit korleis dette påverkar det byggjetekniske - og korleis ein best taklar det.


Me byggjer etter lokal kunnskap og tradisjon.

Adresse


Bykle Bygg AS


Trydalsvegen 20


4754 Bykle



Org.nr: 922 169 861 MVA


Kontakt


Ola Birger Trydal


Tel: 915 61 055


obt@byklebygg.no



Helge Hoslemo


Tel: 909 90 976


helge@byklebygg.no

Snarvegar

 

 

Heim  | Kontakt

Copyright © All Rights Reserved

Nettside levert av Hovdenkontoret